lørdag 28. november 2009

"Spillet i mitt liv"

I august 1968 reiste eg med nattoget frå Åndalsnes til Oslo for å ta til på medisinstudiet. Tre år før hadde eg fare same strekninga på veg til folkehøgskule i Stavern. Foreldra mine meinte då at den godtruande sonen kunne bli fråstolen lommeboka alt ved første korsveg, dvs i sovekupéen. Men kupékameratane var slett ingen tjuvraddar: Medisinstudent Kai frå Sykkylven og gamleprosten i Volda, Lars Tjensvoll, som skulle på 50-årsjubileum som teologistudent. Eg sovna trygt og kunne etterpå triumferande skrive heime: ”Prost Tjensvoll stal ikkje pengane mine!”. Atten år seinare vart eg elles kollega med Kai ved Ålesund sjukehus.

André, Espen og Vilde
Via ein annan legestudent, seinare ortopedisk kirurg og Etiopia-misjonær Peter Klungsøyr, med slektsrøter i Herøy, fekk eg hybel hos Leif Høgeid på Tåsen. Høgeid hadde stifta Ullevål sjakklubb og hadde hyllene fulle av speleteori på tysk, sjakkspråket like frå Lasker og Steinitz si tid. Då var det til lita nytte at eg hadde kvitta meg med mi eine bok om emnet for ikkje å bli skipla i studiet. Verten min var òg ein beundrar av lyrikaren og sjakkspelaren André Bjerke. Slik gjekk det til at ”Spillet i mitt liv” av Bjerke vart første boka i mitt eige sjakkbibliotek. Her skriv Bjerke med humor og glød om sin lidenskap for det kongelege spelet. Han er elles kjend for framifrå omsetjingar og formfullendte og fornøyelege dikt, som Sigmund Aksnes deklamerer så glimrande. Men familielivet med diktaren var ikkje alltid like morosamt. Som syskenbarnet Jens Bjørneboe hadde han eit alkoholproblem. Vilde, dottera hans frå ekteskapet med Henny Moan, har i boka ”Han visste om et land” skildra både vakkert og sannferdig korleis det var å vekse opp med slike kunstnarforeldre. Under landsturneringa i sjakk 2008 heldt ho kåseri om faren, som faktisk vann klasse 1 i NM 1953. Diktet ”To luker i himlen" skreiv André Bjerke då Vilde vart fødd, og det siste verset han laga var også stila til henne:
”Helt siden du som nyfødt kropp
for første gang slo øynene opp
som luker i himlen, har du vært god og snill
og fortsatt bevist at Gud er til.”

Mellom alt Bjerke har skrive passar det å nemne novella om småguten Espen, som baud heile barneflokken inn på sjokolade, men dessverre hadde gjort rekning utan vert. Faren ville ikkje stille opp, men brukte i staden innbydinga som utgangspunkt for ei historie, som slutta slik: ”Man bør uavlatelig be hele verden inn på sjokolade”. Espen var nemleg son til André Bjerke; dessutan kullkamerat av Ottar (Grimstad på Hareid) og meg. Som sjakkspelar heldt han ikkje faren sitt nivå; det fekk eg iallfall testa ut. Kanskje spelte bakgrunnen hans ei viss rolle for yrkesvalet. Han vart psykiater.

Moldensar med høg IQ
Formannskapssekretær par excellence, Egil Leikanger, har også eit godt hovud for sjakk. Men han har fortalt at ein gong i Molde vart han sett grundig til veggs, overraskande nok av ein gutunge. Han møtte nemleg Einar, yngste son til Glamox- og Moxy-gründar Birger Hatlebakk. Einar vart seinare både nordisk juniormeister i sjakk og vinnar av spørjekonkurransen ”Hvem vet mest?”, saman med eit par klassekameratar frå gymnaset. Lenge var han også i sjakkeliten her til lands. I Akademisk sjakklubb fekk eg sjå Hatlebakk i aksjon ved brettet, men også innsjå at mi eiga matematiske evne ikkje heldt same nivå. Ti år seinare møtte eg han privat, då svigerinna mi gifte seg med ein av vennene hans. Sidan har det blitt fleire møte og sjølvsagt eit tapt sjakkparti. Einar er svært stillferdig; kanskje gjorde hans intellekt det vanskeleg for han å finne likesinna i yngre år.

Svoger og sjakkspelar
I følgje Bjerke finn kvinner seg i det meste av ektemannen sine luner og lyster, men grensa går ved sjakk. Det er rein galskap og tidsspille. No kunne heldigvis kona mi spele sjakk før ho trefte meg. Brett og brikker fekk difor vere med på bryllaupsreisa til Brighton. Men i ekteskapet bør ein samarbeide og slett ikkje konkurrere. Difor gjekk eg over til å bryne meg mot broren henner, Hermod. Han er snill som dagen er lang, noko valspråket hans i russetida vitnar om: ”For mannen er eit godt hjarta betre enn eit kvast sverd”. På idrettsbana og ved brettet var han likevel konkurransemann på sin hals. Eller ”på andre si hake” vil vel jamaldra Peder Nerem seie. Då eg spurde om han hadde møtt Hermod i gymnastida, bøygde han berre hovudet bakover, viste meg arret under haka og svara: ”Ja, på fotballbana!”. Hermod hadde vunne sjakkturnering i det militære og viste lenge at han tenkte eit trekk lenger enn eg gjorde. Interessa for sport har den fagre og flinke dottera, Annemarta, arva. Kjendisen frå TV2-sporten har elles funne seg mann frå Møre; son til sjølvaste lensmannen vår!

André Bjerke har skrive eit dikt han kalla ”Glanspartiet”, slik det såg ut undervegs. Men siste verset viser at vegen er kort frå triumf til tragedie:

Et glansparti! Jeg var den gudebårne
som ingen mester mer kan overliste.
Så gjorde jeg et trekk. Og mistet tårnet.

Moralen her er myndig bibelstreng:
At de som tror seg først, skal bli de siste.
Og dermed høstet Bjerke null poeng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar