mandag 2. november 2009

Skrefsrud, Hodne og French

Skrefsrud
”Kerap – jungelfolkets høvding” er tittelen på ei barnebok om Lars Skrefsrud, straffangen som vart språkforskar og starta Santalmisjonen. Som fattig husmannsgut frå Fåberg med ein alkoholisert far fekk Skrefsrud ein vanskeleg start i livet. I ungdomstida kom han sjølv bort i fyll og tjuveri og vart dømd til fire år på Botsfengslet i Oslo. Tida der vart ikkje berre til bot, men også til betring. Han vende om og byrja å studere språk for å bli misjonær. Med fortid som fange fekk han avslag då han seinare søkte på Misjonsskulen i Stavanger, men andre vegar opna seg for han til vidare studium og misjonsteneste. Han lærte seg etter kvart heile 18 ulike språk. Denne givnaden hans kom santalane til gode. Han vart deira Ivar Aasen og skapte eit skriftspråk på grunnlag av talespråket. Han gav ut både grammatikk, salmebok og dei fire evangelia på deira eige språk. Med god grunn vert han rekna som ein av dei største språkforskarane Noreg har fostra. Skrefsrud døydde i 1910 og ligg gravlagd i Benagaria i India. Minoritetsfolket santalane har i dag si eiga kyrkje med 150 000 medlemmer.

Hodne
Misjonær Olav Hodne skreiv denne interessante boka alt i 1952, men ho kom i ny utgåve på Lunde forlag i 1990. I mellomtida (1967) hadde Hodne tatt teologisk doktorgrad om misjon og sosiale reformer blant santalane på 1870-talet. Boka om ”Kerap”, namnet santalane gav Skrefsrud, gjorde slikt inntrykk at eg skreiv stil om ho til eksamen på framhaldsskulen. Sidan har eg vore merksam på Hodne, som på fleire vis følgde i fotspora til Skrefsrud; ikkje som språkmann, men som misjonær og leiar for hjelp til flyktningar og forkomne i Bangladesh og India. For dette vart han heidra både med Nansenmedaljen og St. Olavs Orden. Tre gonger nominerte Moder Teresa han som kandidat til Nobels Fredspris. Hodne døydde no 29. oktober, 88 år gammal. Odd Kvaal Pedersen gav i 1984 ut ein biografi om han, der tittelen talar for seg sjølv: ”Ildsjel, et portrett av Olav Hodne”.

French og French
Hilde Hodne French er dotter til Olav Hodne. Ho har vore leiar i både Norsk Organisasjon for Asylsøkjarar og For livsrett og menneskeverd og har såleis følgd opp faren sitt humanitære arbeid. Mannen hennar var engelsk vasskraftingeniør, og dei arbeidde med u-hjelp i Peshawar i Pakistan då guten deira, Joshua, var liten. Sjølv om Hilde Hodne French har vore øvste leiar i to profilerte organisasjonar, seier det litt om tida vår at namnet hennar berre gjev 3000 treff på Google, medan faren får 140 000 og sonen, ein 27-årig fallskjermjeger, heile 10 millionar. Men så har han også fått fem dødsdomar for noko han neppe har gjort. Det verkar iallfall usannsynleg at han og Moland med vitande og vilje skulle ha drepe sin kjentmann og sjåfør, som var leigd for å få dei trygt attende til Uganda. Ein drep vanlegvis ikkje den ein set si lit til i ein kritisk situasjon.
Desse glimta frå fire livshistorier startar på Botsfengslet i Oslo og endar førebels i fengslet i Kisangani. Der har nordmennene gitt hjelp til fleire medfangar, som for det vi veit også kan vere offer for eit korrupt rettsvesen. I Kongo er det våpna og ikkje retten som rår. Men underleg nok kan sjølv eit fengsel vere staden der ein startar eit meiningsfylt liv i teneste for andre. Det skjedde for Skrefsrud, og det kan skje igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar