torsdag 5. november 2009

Raudblyant og blåmåndag

Tidlegare redaktør Rise i Sunnmørsposten greip visst til raudblyanten når han fann for mange skrivefeil i avisa, og i Aftenposten har Per Egil Hegge hatt si språkspalte i mange år. Stundom er det freistande å ta etter, sjølv om hovmod som kjent står for fall. Førti års samliv med ein filolog har lært meg at språk er viktig, også som kjelde til frustrasjon. Dei som kan sin grammatikk, gremmer og lir seg gjennom setningane når kommaet kjem på feil plass og syntaksen sviktar. Med retteprogram har sjølvsagt skrivefeila blitt færre, men fire typar feil går stadig att.

Vi mindre stødige slenger ned på eit komma når vi treng ein pustepause undervegs i setninga. Hovudregelen er likevel grei: Det skal vere komma mellom fullstendige setningar, dvs dei med både subjekt og verbal, men ikkje når hovudsetninga blir følgd av ei leddsetning.

Og/å-feil er også ein gjengangar. Infinitivsmerket ”å” skal stå føre eit verb i infinitiv; f.eks. å lese. ”Og” er derimot ein konjunksjon (bindeord; jamfør det engelske ordet ”conjunction”), som blir brukt for å binde saman to ord eller setningar.

Også journalistar kan ha problem med å skilje mellom svake og sterke verb, særleg på nynorsk. For ikkje å hengje ut nokon namngitt person, vil eg vise til eit par leiarartiklar i Sunnmørsposten. Desse er oftast særs velskrivne, men sjølv dei beste kan ta feil.
31. oktober stod det i siste avsnitt om ”småprodusentar som bygg seg opp”. ”Byggje” er eit svakt verb, og presensforma er sjølvsagt ”byggjer”, men i vår dialekt er siste konsonanten (r) stum, og difor er det lett å skrive feil. Ei anna fallgruve er verb med sterk bøying på bokmål og svak på nynorsk. 3. november stod det at ”Abdullah trakk seg som motkandidat”. Det er korrekt på bokmål, men sidan artikkelen elles var på nynorsk, skulle det stått ”trekte”.

Ordstillingsfeil, som i setninga ”det å delta i sjølv eit slikt val” frå sistnemnde leiar, skjer ofte når vi forandrar litt på ei formulering. ”Sjølv” er her enten unødvendig eller feilplassert.
Feil syntaks er svært vanleg når vi snakkar. Blant politikarane var C.J. Hambro kjend for å halde styr på bisetningane og innskota, sjølv om desse vart mange, medan Gro Harlem Brundtland stundom gjekk i surr når setningane vart for innfløkte. I skriftleg arbeid fell det lettare å lage meiningsfylte setningar med samanheng og logikk, sjølv om vi nokon kvar kan ha ein dårleg dag eller blåmåndag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar