onsdag 18. november 2009

Carlsen & Co

Eliten
Sist laurdag gjekk Magnus Carlsen til topps på lista over beste sjakkspelarane i verda; sjå http://chess.liverating.org/. Onsdag fylgde han opp med å bli verdsmeister i lynsjakk, der kvar spelar berre har tre minutts tenkjetid på heile partiet, pluss to sekund pr trekk. Med 31 av 42 oppnåelege poeng var han best i kobbelet av stormeistrar som møttest i Moskva. På andreplass med tre færre poeng fylgde regjerande verdsmeister i vanleg sjakk, indaren Viswanathan Anand, som måtte tole to tap mot Magnus. Det er heilt utruleg at ein attenåring frå vesle Noreg har nådd slikt nivå i ein sport med prestisje i folkerike land som Kina, India, USA og Russland. Og Herøy har faktisk ein ørliten aksje i suksessen til Carlsen, sidan Hans Arild herifrå var ein brikke i spelet for å få på plass sponsormidlar til ein personleg trenar, då Magnus (= den store) var ganske liten.

Medan Magnus er ein mann av få ord, kan det same neppe seiast om sjakkentusiast og historikar Hans Olav Lahlum, som sist veke var gjest hos ”Viggo på lørdag”. Lahlum har på eit par år gitt ut fleire tjukke bøker, sist biografien ”Håkon Lie. Historien, mytene og mennesket”. Kjølås skriv i dag i Sunnmørsposten at ”boka er i meste laget ordrik”. Ja, kanskje fortener Hans Olav same vennlege åtvaring som stortingspresident C.J. Hambro i si tid fekk: ”Du skal ikke bedrive ord!”

Allmugen
Eg kan knapt skryte på meg noko nært kjennskap til korgje av karane, sjølv om eg stod ringside i Moss sommaren 2006 og såg Magnus detronisere Simen Agdestein som Noregs beste sjakkspelar og dessutan har møtt fargeklatten Hans Olav Lahlum fleire gonger, men aldri over brettet. Nei, eg er bokstaveleg talt ein tredjeklasses spelar. Difor høvde det godt at eg var med på ei miniturnering i botnen av Eiksundtunnelen i februar i fjor, for då vart det sagt at aldri har sjakk blitt spelt på eit lægre nivå! Men som i fotball kan ein møte interessante motstandarar også i dei nedre divisjonane. Ein norsk verdsmeister i lynsjakk gav meg difor inspirasjon til å skrive eit par epistlar om mindre kjende sjakkspelarar. Men herøyværingar lyt stå på vent, sjølv om Aage og Johan, dei to syskenbarna med kreative Gjerde-gener, begge er fargerike nok. Aage har jamvel spelt mot Kasparov, den beste sjakkspelaren gjenom tidene. Lat meg heller ikkje gløyme losbåtførar Paul Goksøyr, som debuterte i NM 2004 med premieplass, 72 år gammal!

Nybegynnar
Mi begeistring for sjakk starta i Peta-garden på Runde. Der heldt ein niåring privatskule for sin tre år yngre nabogut. Svein vart faktisk lærar på rett, men er mest kjend som nestor i kormiljøet og dirigent for Con Moto og Eiksundsamklangen. Kanskje er Svein streng også med songarane sine, men han låser dei neppe inne i potetkjellaren, slik eg vart viss eg ikkje kunne leksa. Svein kom frå ein svært musikalsk familie og vart med god grunn kalla ”Toni” av Oluf Runde, som fann treffande utnamn på dei fleste. Song og musikk var difor sjølvsagde fag i førskulen, men på pianokrakken kom eg syrgjeleg til kort. Det gjekk betre då Svein seinare lærte meg å spele sjakk. Der kunne eg etter kvart ta kampen opp mot læremeisteren.

Sjakkspelande sunnmøringar
På Eids Gymnas møtte eg i 1966 mitt alter ego i ein kar frå Stordal med same fornamn, fødselsdag og –år som eg. Han gjekk likevel alt sisteåret på engelsklinja, men var like flink i matematikk og sjakk som i språkfaga. Så fekk han då også beste karakter både i matematikk, engelsk og norsk til eksamen. I 70-åra sette han eigenhendig opp huset deira på Stranda og fekk dermed vist at han meistrar meir enn teori. Og hadde ikkje han presentert meg for ein Firda-russ og presteson frå Solund (eig. Stavanger), er det ikkje sagt Ole Arild hadde blitt herøyværing.
Året etter vart eg kjend med to førsteklassingar frå Vanylven. Den eine var firmenningen min, Arne Redse frå Rovde, og den andre var son til kunstmålar Ansgar Leiten frå Eidså, som er kjend frå fleire kurs i regi av Herøy kunstlag. Arne gjekk reallinja og fekk overta lærebøkene mine i fysikk og matematikk. Att på handelen fekk han boka ”Stormestere spiller sjakk”, for at ho ikkje lenger skulle freiste meg. Odelsguten Arne vart til liks med Garborg bondestudent i Oslo, der realisten las latin, gresk og hebraisk og seinare jamvel tok doktorgraden i teologi. Han er no høgskulelektor i Volda og lærar på Fjellhaug.
Gerhard Leiten var ikkje like flittig som elev, men som sjakkspelar var det ingen på Eid som gjorde han rangen stridig. Han var dessutan musikalsk og spelte piano i Eid spelemannslag saman med husverten min, likkistesnikkaren Ivar Mehl. Dit kom Gerhard ofte, for hos Mehl budde også klassekameraten hans, Hermann frå Ljøsne i Lærdal. Hermann spelte ikkje sjakk, men gitar. Eg nemner han likevel fordi han vart journalist, seinare forfattar, og har skildra miljøet i den litt sjølvbiografiske romanen ”Nordvegen” (Ashehoug 2003). Han har elles fått Sunnmørsprisen for boka ”Han gjorde det” og har sjølv gjort sunnmøring av seg, no busett i Sykkylven, heimbygda til kona hans. Gerhard Leiten har som psykiatrisk sjukepleiar prøvd å forstå menneska sine sjakktrekk gjennom livet. Det kan vere endå verre enn å analysere brikkene sin gang på brettet.

Framhald fylgjer, m.a. om ”Spillet i mitt liv” av André Bjerke og om møbelhandlaren frå Florø, som var tilhengar av Dybwad Brochmann og gav meg boka ”Det pengeløse samfunn”, som han sjølv hadde skrive.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar