onsdag 25. februar 2009

Hamas sett frå Høgskulen i Volda

Historieprofessor Oddbjørn Melle (OM) hevdar at Israel sjølv har hovudansvaret, både for framveksten av Hamas og si eiga moglege endelikt, men er inkonsistent i kritikken og utelet fakta som er avgjerande for om dette resonnementet held.
OM skriv at Israel ”oppmuntra framveksten av denne islamske rørsla første tida etter skipinga i 1987”. Denne tida var Hamas og forløparen Al-Majama mest kjende for at dei starta skular, klinikkar og bibliotek. Meiner OM at Israel burde motarbeidd slike sosiale prosjekt blant palestinarane? Og korleis veit han at israelarane let vere på grunn av ein marxistisk tankegang om ”religion som opium” for folk? Fengslinga i 1989 av Hamas sin stiftar og leiar, Ahmed Yassin, kan iallfall knapt kallast ei ”oppmuntring”.

Då Oslo-avtalen vart underskriven i 1993, hadde Hamas ”likevel berre 15% oppslutning” i følgje OM. Også eg ser at israelske, politiske vedtak etter 1993 kan ha gitt auka palestinsk støtte til Hamas. Men OM fortel ikkje historia vidare i rett rekkjefølgje og viktige hendingar hoppar han over. Han nemner ikkje med eitt ord at Hamas bomba heile Oslo-avtalen i filler ved sjølvmordsåtak på sivile israelarar. I staden skriv han at ”talet på busetjarar dobla seg neste tiåret”, sjølv om dette først skjedde etter at Hamas hadde ”hjelpt” Likud til makta i 1997. Heller ikkje utsegna ”Hamas steig fram som den nye krafta på palestinsk side. Dét hadde for så vidt Israel vona på og arbeidd for” står til truande, med tanke på Hamas sitt charter om ein islamsk, palestinsk stat på heile Israels territorium.
OM underslår også den andre intifada, som kom etter samanbrotet i Camp David-forhandlingane i 2000; begge to viktige årsaker til at Ehud Barak og Arbeidarpartiet tapte valet i februar 2001. Å skrive om israelsk blokade, gjenerobring av palestinske byar og drapet på Hamas-leiar Ahmed Yassin utan å nemne denne samanhengen er rein historieforfalskning.

OM omtalar Israel som ”ei av verdas sterkaste militærmakter”, men kan då ikkje ha tatt med i vurderinga kva areal, folketal, råvarer og produksjonsevne har å seie for militær styrke. Når han skriv at Israel risikerer eit nytt Masada, vedgår han indirekte at Israels militærmakt er avgrensa eller at andre faktorar er meir avgjerande for at ”tida neppe arbeider for staten Israel”. Etter mi meining har stor arabisk folkevekst og endring i verdsopinionen mest å seie. Til det siste føremålet har no også ein historieprofessor frå Volda ytt sin skjerv.

onsdag 18. februar 2009

Eg trur på under!

I samband med boka om Snåsamannen har både lek og lærd ytra seg om tru og overtru. Sjølv har eg korkje teologisk eller medisinsk doktorgrad, men eg har vanka i ulike kristne krinsar, har 35 års praksis som lækjar og har interessert meg for emnet i alle år.

Då den såkalla karismatiske rørsla kom til Noreg kring 1970, var eg på nokre møte i Misjonsaulaen i Oslo, der amerikanske forretningsmenn (Full Gospel Business Men's Fellowship International) m.a. dreiv diagnostikk av og bøn for folk med ulik beinlengde. Sjølv ein fersk medisinstudent kunne sjå store feil både ved undersøkinga og vurderinga av resultatet, men om noko er amatørmessig, treng det ikkje vere medvite humbug. Sommaren 1988 var eg på ein familieleir arrangert av Ungdom i oppdrag, som gjennom forlaget Prokla Media m.a. har gitt ut John Wimber si bok: ”Helbredelse ved kraft”. Han viser til reformasjonen, som hadde ”Skrifta” åleine som grunnlag for kristen lære, men i følgje Wimber ikkje fekk med seg det som står der om gudommeleg lækjedom, til skilnad frå Den katolske kyrkje, som heile tida har vore meir open for at under kan skje.

Det er fleire uheldige sider ved å vise medisinske mirakel mykje merksemd. Frå rasjonell synsvinkel ser ein lett at folk blir altfor ukritiske fordi dei så gjerne vil tru på underet. For dei kristne er det leitt å sjå at somme taper trua, når dei ikkje får svar på bøna i form av lækjedom. For den sjuke kan forbøn vere eit synleg teikn på at andre bryr seg, medan brostne håp kan bli ei påkjenning i tillegg til sjølve sjukdomen.

For dei som gjerne vil tru på Gud, men ikkje på alt som blir sagt eller praktisert av karismatiske kristne, har det vere ei hjelp å lese Arnfinn Engeset si bok: ”Kirken og de syke” (Land og kirke/Gyldendal 1987). Engeset var son til den kjende frikyrkjeforstandaren og salmediktaren Sigvart Engeset frå Ørsta, men også overlege ved Radiumhospitalet, forelesar for medisinske studentar og aktiv medlem i Norges Kristelige legeforening. Han meiner mange les Bibelen utan å forstå kor lite kunnskap folk i oldtida hadde om biologi og medisin og folk i dag har om trus-effekten (placebo). Vår tanke, kjensle og tru verkar direkte inn på mange kroppsfunksjonar og graden av velvere, m.a. ved frigjeving av hormon og smertestillande stoff. Det er såleis ikkje snakk om innbilte effektar. Engeset refererer òg til ulike internasjonale undersøkingar som er gjort utan at det er dokumentert mirakel, som at ein finger veks ut att eller eit brot gror over natta. Likevel finst det fleire hundre døme på at kreftsvulstar, som ikkje let seg kurere ved medisinsk behandling, har gått attende eller lækt seg spontant. Dette gjeld i hovudsak nokre få krefttypar, og det er nesten blasfemisk å tru at Guds allmakt er avgrensa til å lækje berre desse. Det må i staden vere ein eigenskap ved sjølve svulsten eller ein effekt av immunforsvaret som ein sjeldan gong gjev slike uvanlege resultatet, sjølv om ingen kan motbevise av under kan skje.

Somme har trudd at berre dei kom kristendomen til livs, ville også overtrua døy ut. I staden er det motsett. Når folk sluttar å tru på Gud, byrjar dei i staden å tru på alt anna. For eit par år sidan var eg innom Tanums bokhandel på Karl Johan. Seriøse bøker om teologi eller ein bibel var knapt å finne, medan hyllene var fulle av bøker om reinspikka tøv, healing og luftig mystikk, gjerne inspirert av hinduistisk tankegang og vokabular. Folk søkjer nok vanleg lækjarhjelp når det er nødvendig, men trass all si avanserte behandling kjem denne stundom skuffande til kort i møte med mange plager og forventningar. Ei bok som tek opp moderne medisin si makt og avmakt, alternativ medisin, filosofi og etikk er Oddmund Søvik: ”Behandling og helbredelse” (Sigma 2005). Søvik med mor frå Stranda og far frå Innfjorden har som professor (emeritus) i pediatri (barnesjukdomar) fagleg tyngde i det han skriv.

For den som er avhengig av dei ekstraordinære under, blir gjerne trua ”over evne”, som ho vart for Bjørnstjerne Bjørnson. Men presten og lyrikaren Johannes Barstad kunne skrive: ”Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer, i fagre fargar mellom stein og strå”. Og kven har ikkje undra seg med Ivar Aasen (”Vit og tru”) over krafta i frøet, livet som blir skapt og det grenselause ved tid og rom. Det er alt saman reine under, berre så daglegdagse at vi til slutt ikkje sansar dei. Lyrikaren og sjakkspelaren André Bjerke formulerte det slik då dottera Vilde kom til verda:

Det største mysterium er ikke mer enn dét: at en ørliten kropp
er våknet til jorden. Den nyfødte ser. To luker i himlen går opp.

Selv femtrinnsraketter og kjernefysikk blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn med et eneste blikk beviser at Gud er til.

torsdag 12. februar 2009

Hovudlaust om hijab

Ikkje rart VL får ”hodebry” av hijab, når leiaren manglar syn for viktige prinsipp og tolkar all kritikk som islamfrykt. Få potensielle brukarar er knapt eit argument for hijab; men viser berre at både behovet og rekrutteringseffekten er minimal. Spesielt ein justisminister og politidirektør bør ikkje eigenrådig selje symbolet på eit nøytralt politi for så lite. Majoriteten reagerer når nokre få islamistar, byråkratar og politikarar vil presse på politiet eit plagg som for dei fleste flaggar tvang og kvinneundertrykking. Dette bør telje meir også for VL enn kva Anne Sender måtte meine.

onsdag 11. februar 2009

Kvifor ikkje til Jaffna?

NRK har hatt omfattande TV-dekning frå krigen i Gaza med vekt på å vise sivile lidingar og tap. Likevel kom manglande tilgang for media opp som eige tema i Redaksjon EN, og Norsk Journalistlag (NJ) har i følgje nestleiar Kjetil Hånes kontakta både den israelske ambassadøren og bedt utanriksminister Støre om hjelp for å få fleire journalistar inn i krigssona.
Samstundes med krigen i Gaza har det blitt ført ein annan krig med større sivile lidingar og tapstal, og som vedkjem Noreg i langt større grad, utan at vi har sett bilde- eller TV-reportasjar derifrå eller høyrt eit pip i frå NJ eller NRK om at dette er eit problem. Eg siktar sjølvsagt til Sri Lanka, der den singalesiske hæren no er i ferd med å nedkjempe LTTE (Tamiltigrane). Den væpna konflikten har på 25 år kravd ein stad mellom 70 og 240 000 menneskeliv, dvs mellom tre og ti tusen pr år. Situasjonen for hundretusenvis av sivile flyktningar trengde saman på eit lite område og fanga i krysselden må vere heilt grusom. Dei manglar alt; mat, medisin og helsevesen, utan at media og dermed nordmenn bryr seg, går i fakkeltog eller krev at hjelpa kjem fram og verda får vite kva som skjer.

Vi har nær 15 000 med tamilsk bakgrunn i landet vårt. Dei kom som flyktningar frå ein blodig borgarkrig, noko som for andre grupper har blitt brukt som forklaring både på brotsverk, stort forbruk av sosialstønad og manglande deltaking i arbeidslivet. Men tamilane fyller korkje opp fengsla eller trakkar ned sosialkontora. Dei er fredelege, arbeidssame og forsørgjer seg sjølve. Men når dei no i fortviling arrangerer demonstrasjonar i Oslo, er det knapt ein innfødd nordmann som stiller opp. Det er ei skam.

Kvifor dreg ikkje NJ til Jaffna for å finne krigsbrotsverk der? Kvifor er palestinske barn verd meir omtanke enn tamilske, NRK? Kvifor ikkje også be Hamas leggje ned våpna, Solheim?

tirsdag 10. februar 2009

Er samlivsbrot beintfram bra?

Kjetil Hafstad kritiserer kyrkja for å sjå einsidig negativt på sambuarskap, som han meiner mange vel av ”forståelige og respektvekkende” grunnar. Så langt kan ein kanskje følgje han, for problemet, slik eg ser det, er ikkje først og fremst at folk flyttar saman, men at dei flyttar frå kvarandre og skiftar partnarar. For Hafstad er dette strevsamt undervegs, men endar bra: ”Oppbrudd fra samliv og ekteskap har positive virkninger” og ”bidrar til å berike barns oppvekst”. Viss han trur dette skjer ”ofte” eller er noko barn jamt over har godt av, greier han ikkje tenkje seg kva tryggleik og dagleg kontakt med far og mor betyr for eit barn. For dei er skilsmål mellom foreldra ein katastrofe med konsekvensar dei ofte slit med resten av livet. Journalist Simon Flem Devold har fått titusenvis av brev som vitnar om redsla barn føler for at slikt skal skje. Konsekvensen for barna er som regel lojalitetskonflikt, mindre foreldre- og vaksenkontakt og stadige skifte av miljø, noko som har uheldige følgjer for både konsentrasjon, læreevne og psykisk helse.
Skilsmål kan sjølvsagt ein sjeldan gong vere betre enn stadig konflikt heime, men ofte vil striden halde fram om samversrett og skifte av eigedom.
Ein professor i teologi bør ikkje bagatellisere handlingar som gjer at barn kan ta skade på si sjel.

lørdag 7. februar 2009

Hijab-politiet

Hijab-politiet

I eit sivilisert samfunn kan det ikkje vere slik at einskildpersonar eller grupper tek seg til rettes med makt. Land må styrast etter vedtekne lover, som representantar for samfunnet har monopol på å handheve. Når politiet brukar uniform med riksvåpen, er det nettopp for å vise at dei har fått denne oppgåva delegert frå styresmaktene og ikkje representerer spesielle grupper eller særinteresser.

Justisminister Storberget vil no gje politiet rett til å bruke ”religiøse hovudplagg” (les: Hijab). Dette er ikkje berre eit brot med all tidlegare praksis, men på to viktige prinsipp: Likskap for lova og eit nøytralt politi.
Politidirektør Killengreen grunngjev endringa med at den vil gje breiare rekruttering og ”sikre at politiet representerer alle samfunnslag uavhengig av livssyn og etnisitet”.
Dette er ei sjølvmotseiing. Når ei politikvinne flaggar at ho er muslim, viser ikkje dette at ho representerer fellesskapet, men er derimot eit synleg teikn på at ho har eit nærare forhold til ei gruppe enn til andre. Det gjer dei fleste av oss mindre trygge på å få ei nøytral behandling.
Dei som før bar seg over ”klassepurken”, dvs skulda politiet for å vere på lag med ei klasse av folket, applauderer paradoksalt nok forslaget.
Ved å godta krav om spesiell klesdrakt frå somme søkjarar til politiskulen, diskriminerer ein dessutan alle andre.

Tradisjonelle hovudplagg av ulikt slag har vore brukt i alle kulturar. Den særskilde hijab’en er av nyare dato. I vår tid har den blitt eit symbol for ytterleggåande muslimar og deira undertrykking av kvinner. Ikkje før har regjeringa gått attende på forslaget om å forby kritikk av islam, før dei gjer eit nytt knefall for islamistar.